«Bestemor» og «bestefar» i underetasjen tek opp søtpotet i hagen saman med sonen til Solveig.

/Dette intervjuet er tidligere publisert i bladet Misjonsringen./

Bønnesvaret i andre etasje

I sju månader leita misjonærfamilien etter ein ny stad å bu. Då dei endeleg fann ei leilegheit som passa, venta ei overrasking som gjorde inntrykk langt utover sjølve flyttinga. 

I fire år har Solveig Barlaup (32) arbeidd som misjonær i Japan saman med ektemannen Øyvind. Saman har dei barna Iver (5) og Ingvill (7 månader). Dei bur i byen Itami, med om lag 200 000 innbyggjarar. Byen ligg mellom dei store byane Kobe og Osaka.

Å flytte til Japan var ei stor omvelting for den lille familien. – Det var mykje å setje seg inn i – språk, kultur – alt var annleis. Etter at vi hadde budd i ei lita leilegheit under kyrkja vår i mindre enn eitt år, fekk vi beskjed om at vi måtte flytte, sidan ein ny prest skulle begynne i kyrkja og trong bustad. Vi vart litt nedfor ettersom vi hadde blitt kjende med mange i nabolaget og ikkje såg fram til å flytte allereie så kort tid etter at vi hadde kome til Japan. 

Ba mykje

Ektemannen min brukte mange månader på å leite etter ei passande leilegheit i same by. Enten var det altfor dyrt, altfor lite eller ikkje barnevennleg. Vi vart etter kvart veldig bekymra for kvar vi ville ende opp, og om vi ville trivast. Dette var noko vi tenkte mykje på, og som vi bad for sjølve og bad andre om å be for.

Plutseleg dukka det opp ei annonse på ei japansk nettside etter sju månader med leiting. Leilegheita var rimeleg, stor og låg i sykkelavstand til barnehagen sonen vår skulle begynne i nokre månader etter den planlagde flyttinga. 

Svært overraskande

På visning kom foreldra til huseigaren og helsa på oss – eit hyggeleg eldre ektepar i 80-åra. Faren fortalde at sonen hans tidlegare hadde budd i leilegheita i andre etasje, men måtte flytte på grunn av jobb. Huset var bygd som ein generasjonsbustad, og derfor budde mor og far framleis i første etasje. Sidan andre etasje no stod tom, ville dei leige han ut.

I løpet av samtalen sprang sonen vår rundt i leilegheita, lo og ropa. «Du kan kalle meg bestefar», sa mannen til sonen vår og lo. «Barn skal lage litt bråk. Då veit du at dei er friske og har det bra», sa han. Vi var letta over at dei likte barn, sidan vi kanskje skulle bu svært tett på kvarandre. Då vi fortalde at sonen vår skulle begynne i barnehage, fann vi ut at det eldre ekteparet gjekk til gudsteneste kvar søndag i kyrkja som driv barnehagen. I eit land som Japan, der berre om lag 0,5 prosent er evangeliske kristne, var dette svært overraskande.

Ei stor velsigning

Etter å ha budd her i to år har barna våre fått to «besteforeldre» i underetasjen. Guten vår på fem år pleier å springe ut når han høyrer at «bestefar» steller i hagen. «Bestemor» strikkar barneklede og lagar kaker og syltetøy til oss. Sjølv om flytteprosessen i starten gav oss mykje frustrasjon, kjende vi at Gud var med oss og gjorde ein litt kjip situasjon til ei stor velsigning for oss og barna våre.

– Kva gjer at du er sikker på at det som skjer er bønnesvar og ikkje tilfeldigheiter?

– Ofte ber eg om noko som eg trur eg treng, og så ser eg i etterkant at Gud har svart, men kanskje på ein litt annan måte enn det eg sjølv hadde sett føre meg. Til dømes var flyttinga i utgangspunktet noko vi vart leie oss for og opplevde som motgang, men så vart ho til velsigning for oss.

Jobbar i lokal kyrkje

Akkurat no er Solveig i mammapermisjon, men arbeider 20 prosent. Annankvar tysdag driv ho og mannen ein «engelsk kafé» i kyrkja dei er knytte til. Dei starta dette med tanke på å ha eit diakonalt og evangelisk arbeid, særleg retta mot menneske i byen som ikkje er kristne.

– Vi har litt enkel engelskundervisning, ei kort og enkel andakt som skal vere forståeleg for ikkje-kristne, og så er det heimelaga kake og kaffe til slutt. Elles driv vi med ulike arrangement for barn og unge i regi av den lokale kyrkja vår, fortel Solveig. 

Av og til inviterer dei ungdomar heim til seg for å lære meir om Bibelen og ha sosialt fellesskap. I Japan er det svært få kristne og det japanske folk er derfor definert som eit unådd folkeslag.

– Derfor er det viktig å styrke kyrkjene her ute som både har for få prester og svært få unge medlemmer.

Solveig og Øyvind Barlaup er utsendinger både fra Det evangelisk-lutherske kirkesamfunn (DELK) og fra Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM). Arbeidsgivaransvaret ligg hos NLM.
Solveig held foredrag om diakoni for fleire menigheter.
Engelsk kafé i den lokale kyrkja.